7. juli 2008

Derfor likar eg ikkje Andeby

I dag kom eg til å tenkje på Andeby og dyra som bur der. Det slo meg at det er rart at ein ”verden” med så mange grunnleggande feil kan bli så populær. Eg er utan tvil ein av dei få (?) som slett ikkje liker Andeby og heile konseptet rundt.

Kvifor er det til dømes slik at Pluto og Bolivar (som begge er hundar) er underordna Mikke Mus og Donald Duck? Kvifor er ikkje Langbein og Pluto likestilte? Kva har skjedd der? Og dette er langt ifrå det einaste dømet. Bestemor Duck sin bondegård er jo eit kapittel for seg sjølv…! På bondegården har Bestemor Duck høner. Er det berre eg som syns at det er veldig, veldig unaturlig?

Ein annan ting som irriterer meg, er at Mikke og Donald er like store. Eg har framleis til gode å sjå ei mus som er så stor som ei and. Og det blir ekstra dumt når dette berre gjelder for nokre utvalte dyr. Ta Snipp og Snapp til dømes: Skulle ikkje dei då i teorien ha vore like store som Mikke Mus (om ikkje større!)?

Og så var det dette med matvanane, då… Når det er høsttakkefest eller andre høgtider, gaflar Donald og gjengen i seg kalkun. Det er nesten så eg grøssar litt på ryggen over biletet der Donald har festa den nysteikte kalkunen fast i skrustikka og er klar for å gå laus på den med øks (…). Ein skulle heller ikkje tru at det var heilt ”stuereint” å ete egg og bacon til frukost når ordføraren av denne sinnsyke byen er ein gris.

Og berre så eg har nemnt klisjéen også: Kvifor har Donald ein handduk strategisk plassert rundt livet når han kjem ut av dusjen, dersom han ikkje treng bukser vanlegvis? Eg berre spør.

6. juli 2008

"Noen forhold varer livet ut"



"Jeg har ikke vokst siden jeg var kanskje 14, jeg. Da var jeg ferdig utviklet."

Priceless!

Den beste reklamen eg har sett på lenge!

My Hunters and me

Her ein dag på Side2 kunne ein lese om støvlane vi bare MÅ HA. "Stjernene og vi «vanlige» går bananas for et par Hunter-støvler" står det i artikkelen.

På ein slik dag er det godt å ta på seg sine elskede Hunters og tenke "Hah! Eg fikk mine før deg, supermodell Lily Cole!"
My Hunters and me

5. juli 2008

Her bur: Indisk Skjønnhet og Hudpleie Salong

Har eg nemnt at orddelingsfeil er noko av det verste eg veit??

Dette skiltet fant eg og min kjære i Åsane. Eg syns det er eit under at dei har klart å få "Elkjøpbygget" rett...


Tjukk eller feit?

I kveld har eg og bror min diskutert kva ein skal seie når ein person er overvektig (følgjeleg når ein ikkje seier overvektig...). Eg syns at det er litt "ufint" å seie at "han eller ho er feit", og at det då er betre å seie tjukk. Magnus meiner at ein kan seie at ein genser er tjukk, men at idét ein snakker om organiske ting heiter det feit. Og etter litt grubling ser eg at han har litt rett. Ein biff kan til dømes vera både tjukk og feit, men det betyr jo slett ikkje det same. Og det er jo slik at når ein person er overvektig, så skuldast jo det mengden feitt på kroppen.

Men eg syns framleis det er litt ufint å seie feit...

The Echoing Green

Eg har eit favorittdikt!

The Sun does arise,
And make happy the skies;
The merry bell rings
To welcome the Spring;
The skylark and thrush,
The bird of the bush,
Sings lounder around
To the bell's chearful sound,
While our sports shall be seen
On the Echoing Green.

Old John, with white hair.
Does laugh away care,
Sitting under the oak,
Among the old folk.
They laugh at our play,
And soon they all say:
"Such, such were the joys
When we all, girls & boys,
In our youth time were seen"
On the Echoing Green.

Till the little ones, weary,
No more can be merry;
The sun does descend,
And our sports have on end.
Round the laps of their mothers
Many sisters and brothers,
Like birds in their nest,
Are ready for rest,
And sports no more seen
On the darkening Green.

William Blake

Nynorsk eller bokmål?

Jeg strever med å bestemme meg for hvilken målform jeg skal bruke på bloggen min.

Det er egentlig mest naturlig for meg å bruke nynorsk siden jeg er en ihuga nynorsktilhenger og dialekten min er en nynorskdialekt. MEN...når jeg skriver for massene (...) syns jeg det er "lettere" å bruke bokmål. Kanskje fordi det er mest nøytralt? Ikke vet jeg. Ideelt sett skulle jeg skrevet på dialekt, men jeg er en fanatisk rettskriver og liker ikke å blande nynorsk- og bokmålsord i hytt og pine.

Snakk om dilemma! ;-)